Du er her: Luster Turlag > Fuglesteg  
 
Senger
Ubetjent: 31
Geografisk
Jotunheimen
Kontaktinformasjon
Kontakt Luster Turlag for mer informasjon om hytta.
Eies av
Luster Turlag
Del | Tilbake | Skriv ut | Tips ein ven

Ubetjent turistforeningshytte Fuglesteg (630 moh.)

Vis i kart

Den gamle fjellgarden Fuglesteg ligg høgt oppe i dalsida over Fortun og er ein opplevelse av dei sjeldne. Plassen vart rydda rundt 1650 og det budde ein, og etterkvart to familiar der oppe i tre hundre år. I 1946 vart det eine bruket fråflytta og i 1968 det andre. Det store toetasjes steinhuset som vart bygt i 1830 vart brannskada i 1985. Luster Turlag har sett i stand huset og dette kulturminnet er no teke i bruk som ubetjent turisthytte. Her er det 23 senger. Låven er og satt i stand og har 8 senger. Fuglesteg egner seg godt til skoleklasser.

Steinstova er låst med standard DNT-nøkkel. Det er ikkje mat lagra i husa, men i sommarsesongen har turlaget dagleg servering av hellekaker med rømme/ syltetøy og kaffi/ saft. Fjøsbygningen er no eit stort fellesrom som kan nyttast som selskapslokale, til konsertar og andre større arrangement. Der er bord til å dekka opp til ca 80 personar og stolar til 150 for konsertar og liknande

Det er ein spanande dagstur til Fuglesteg enten frå Fortun eller Turtagrø. For dei som går frå hytte til hytte vil Fuglesteg vera eit naturleg start- eller avslutningspunkt på turen. Det er merka rute til Turtagrø. Då er ein inne på rutenettet til Jotunheimen via Skogadalsbøen eller Fannaråkhytta, og til Breheimen via Stølsdalen. Dessutan er det praktfulle turar å ta på sørsida av Austanbottstindane via Gravdalen til Gravdalen, Avdalen, Vetti eller Stølsmaradalen i Årdal.  

Besøk på nabogarden Furåsen kan vera interessant, og derifrå kan ein å gå opp på vårstølen Hovden.

Dersom du ikkje har nøkkel, kan du få tak i den hjå Stein Bugge Næss, 6875 Høyheimsvik (Luster Fjordhytter), tlf. 57 68 65 00. Nøkkelen kostar kr. 100,- (depositum) og du må vera DNT-medlem for å få kjøpe nøkkel.

Fuglesteg kan brukast frå omlag 1. mai til 1. november. I vinterhalvåret kan det vera is, rasfare og farleg å gå opp.

Prisar for overnatting og dagsbesøk 2014

  Medlem DNT Ikkje medlem
Dagsbesøk kr.   40,- kr.   50,-
Overnatting vaksne kr. 200,- kr. 250,-
Overnatting ungdom 13-26år kr. 100,- kr. 150,-
Overnatting born 4-12år(saman med føresette) kr.   50,-

kr. 100,- 

Overnatting born 0-3år (saman med føresette)      Gratis      Gratis

Legg pengar i konvolutt med namnet ditt på og skriv kva beløpet gjeld, eller skriv namn, adresse og kontonummer på konvolutten og ta med deg giro og betal i banken.  Dei som har Luster Sparebank som sin bank, kan fylla ut ein bankgiro og signera denne, så kan me gå i banken med den. Betalinga dekker bruk av gass, brensel, lys, reinhald og generell slitasje. NB! Pass på å vaska og rydda fint etter deg og hugs å stengja av gassen før du går. Sjekk at dørene er stengde som når du kom!

Grupper og skuleklassar kan ta kontakt med turlaget for spesialpris. Kontaktperson Fuglesteg: Stein Bugge Næss tlf. 57 68 65 00 evt. e-post: stein.naess@luster-fjordhytter.com


Adkomst

Sommar:

Frå fv. 55, Sognefjellsvegen, rett etter første svingen ovenfor Coop-butikken i Fortun. Det er god plass for parkering av bilar på grusbana som ligg mellom Fortuna Kafe/Pensjonat og skulen. Dersom det er plass, går det også an å parkere på venstre side like forbi fyrste venstresving etter at du har passert butikken i Fortun på vegen mot Sognefjellet. Start på motsett side av riksvegen. Her er det sett opp informasjonstavle, grind og skilt der ein skal ta av. Hugs å lata att grindane etter deg! 1 til 1,5 timar opp.

Frå Berdalsfjellet på Tindevegen mellom Turtagrø og Årdal. Turen ned frå ca. 1300 meters høgde via stølane Berdalen og Heimdalen tar 2 1/2-3 timar.

Vinter:

Fuglesteg kan brukast frå omlag 1. mai til 1. november. I vinterhalvåret kan det vera is, ras og farleg å gå hit.


Opningstider og betjeningsgrad

Frå Til Betjeningsgrad Nøkkeltype Kommentar
01.05.14 01.11.14 Betjent

Ruter tilknytta hytta

Sommar - Vinter
Det er ingen vinterruter tilknytta denne hytta.

Turforslag

Sommar - Vinter
Det er ingen vinterturforslag tilknytta denne hytta.

Vêrvarsel for Fuglesteg

Flere varsler frå yr.no: Time for time (meteogram) - Oversikt - Neste helg

Lørdag 29. november

Lettskya -1°
Lettskya. Laber bris, 5,5 m/s frå søraust.

Søndag 30. november

Skya
Skya. Svak vind, 1,5 m/s frå sør-søraust.

Mandag 1. desember

Delvis skya
Delvis skya. Lett bris, 3,6 m/s frå sør-søraust.

Tirsdag 2. desember

Skya -2°
Skya. Flau vind, 0,7 m/s frå aust. 0.3 mm nedbør.

Onsdag 3. desember

Regn
Regn. Svak vind, 2,0 m/s frå sør. 2.5 mm nedbør.

Torsdag 4. desember

Skya
Skya. Svak vind, 1,3 m/s frå vest-sørvest. 0.3 mm nedbør.

Fredag 5. desember

Snø
Snø. Svak vind, 1,6 m/s frå sør-søraust. 1.6 mm nedbør.

Lørdag 6. desember

Skya -4°
Skya. Svak vind, 1,4 m/s frå vest. 0.1 mm nedbør.

Søndag 7. desember

Skya -8°
Skya. Svak vind, 1,3 m/s frå aust.


Bilder